Frå sinke til føregangsland på transpersonars rettar

Malin Solheim Moldestad (2016)

Moldestad’s MA thesis

I løpet av to år gjekk Norge frå å vere ei sinke når det gjelder transpersonar sine rettar til å bli
eit føregangsland med diskrimineringsvern grunna kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og verdas
mest liberale lov om endring av juridisk kjønn. Oppgåvas målsetnad er å undersøkje kva som
var bakgrunnen for den nye lova om endring av juridisk kjønn, og om ei slik ny lov
ha innverknad på folk flest sine haldingar til endring av juridisk kjønn. Det teoretiske
rammeverket for studien er mobiliseringsteori og internasjonal normdiffusjon. Ei
underliggjande problemstilling er dermed om lova primært er drivet fram som følgje av
nasjonal mobilisering eller internasjonal normdiffusjon. Forskingsstrategien for oppgåva er
ein casestuide av den nasjonale og den internasjonale politiske og rettslege utviklinga på dette
feltet med mål om å identifiserer viktige hendingar eller aktørarar som har hatt ein innverknad
på den norske utviklinga. Problemstillinga blir angrepet av datatriangulering:
dokumentanalyse, intervju og haldningsundersøking. For å svare på den andre delen av
problemstillinga har eg gjennomført eit survey-eksperiment som undersøkjer om
internasjonale eller nasjonale føresetnadar kan påverke val av preferanse for praksisar for å
endre juridisk kjønn. Resultata mine viser at nasjonal mobilisering har vore avgjerande for
den rettslege utviklinga i Norge. Det var ikkje mogleg å forsvare tvangssterilisering i regi av
staten ovanfor Norske organisasjonar, og umuleg i lys av internasjonal normutvikling som
definerer transpersonars rettar i eit menneskerettsleg perspektiv. I tillegg konkluderte LDO
med at den norske praksisen var i strid med norsk diskrimineringslov. Survey-eksperimentet
gav også fruktbare resultat, og viser at tilleggsinformasjon om norsk praksis og lovforslag
hadde ein effekt på preferansar om praksis for å endre juridisk kjønn.